For mange høyrest overskrifta sikkert rett og slett heilt korka ut, og det er akkurat det som er heile poenget.

Ideen med topptur fekk vi frå ein kjær tidlegare kollega ved namn Tonje under den totale koronanedstenginga, då all kommuniksjon mellom elev-skule-SFO skjedde digitalt. Den merkelege tida då vi faktisk vart heilt nøydde til å bruke den meir kreative hjernehalvdelen vår. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Toppturen var eigentleg ei heimeoppgåve i kunst- og handtverk, men no i haustferien small vi til med ny topptur. Denne gangen i lag med gjengen i SFO!

 

 

 

Flokken vart rett nok litt småstressa då dei vart lanserte for denne toppturen, og vi peika på det høgste og ruvande fjellet vårt som akkurat den natta hadde kome nysnø på, men krisestemninga la seg kjapt då dei skjøna konseptet.

Oppgåva er av det enklaste i verda, og kan utførast kvar som helst, men vi erfarte at dei beste resultata vart mekka i områda der det var røtter og stein...

 

 

I tillegg til at dette er ein snodig og kjekk måte å gå på tur på, så er det aldeles gratis. I tillegg får vi gjenbruke mjølkekorkene/mjølketoppene. Berre hugs alltid å ta dei med heim, slik plasten ikkje vert liggande igjen ute.

DutrengMjølkekorker/mjølketopper

Ein sprit-tusj for å teikne auger på korkene/toppene

Ein flokk kreative barn, og eit par crazy såkalla vaksne

Fantasi, og ope sinn

Eit område som gir rom for kreativitet, helst ute

Ta deg ein topptur då vel

 

 

 

 

Vår topptur vart i allefall ein heilt topp tur!

Helsing Janne og Co` ved Hundeidvik SFO

Les også

Lag et hundekort

Morsomt hundekort som kan lages ved tegnebordet.

Les mer >>

BYEN ved Hannestad SFO

På vegne av redaksjonen i SFOnett ble jeg invitert til Hannestad SFO og deres utstilling «Byen». En utstilling basert på mange små prosjekter hvor barns medvirkning og «det kreative barnet» skulle stå i fokus.

Les mer >>

Edderkopp av piperensere

Oppskrift på å lage edderkopp av piperensere får du her.

Les mer >>

Lag en flott kulepenn

Kjempekul kulepenn. Enkel å lage

Les mer >>

Donald tegner på SFO

Forslag til en spennende og litt annerledes aktivitet. Levre SFO inviterte landets eneste autoriserte Donald tegner på besøk.

Les mer >>

Gjenbruksjula, del 2

Etter at den nasjonale avisveka var gjennomført lyste det formeleg i auga til oss i SFO. Avisene skulle ikkje få lov å gå til papirdunken før dei hadde blitt nytta som enda eit ledd i "formingsloopen". Vi hadde laga avisjuletrebileter frå før (sjå gjenbruksjula del 1), men ville vidareutvikle juletreskogen enda litt til... Då vart det aviskjegletre i ein fykande fei...

Les mer >>

Halloween og De dødes dag på Vikhammeråsen SFO

Denne uken planlegges det på mange SFO/AKS hvordan de skal markere Halloween neste uke. På Vikhammeråsen SFO i Malvik markerer de ikke bare Halloween. Der skal de også feire "De dødes dag".

Les mer >>

Å lage dukkeansikter

Dukkeansikter som kan brukes til mange varianter av dukkekropper.

Les mer >>

17. mai sløyfer (fra arkivet)

Håvik SFO i Karmøy kommune er nå klar for 17.mai. De har laget sine helt unike 17.mai sløyfer.

Les mer >>