Vi ønskja å avslutte skuleåret på ein annleis måte. Det var eit mål om å halde oppe elevtalet ut skuleåret sjølv med strålande sol og fine ettermiddagar. Gjennom festivalen ville vi nytte rammeplanen som utgangspunkt og jobbe ut i frå denne. Gjennom familie og media høyrer elevane stadig om festival, men veit lite om kva dette er. Vi ville då lage ei veke med samhald, fest, fargar, glitter, leik og læring.

Om førebuing og barns medverknad

SFO-leiar la rammene for veka i lag med fagarbeidarane på SFO. Det var viktig at elevane skulle kjenne at dette var ei annleis veke, og dei vart difor møtte med festivaltelt, vimplar, ballongar og banner. Heile festivalen gjekk føre seg på skulen sitt uteområde – elevane var ikkje inne denne veka. Elevane bidrog med innspel og forslag undervegs. Det var fleire som ønskja å bidra undervegs – spesielt dei eldste. Dei kom sjølv med innspel om å halde velkomsttale, såpeboblefest, aktivitetar i festivalteltet.

Stor stas at ordfører Sara Sekkingstad kom for å åpne SFO-festivalen. 

 

Om gjennomføring

Veka starta med storslått opning der ordføraren var invitert til å klippe snora. Elevar på 3.trinn haldt tale, og kontaktlærar på 5.trinn spelte fine rytmar på slåttetromma. Elevane skapte god stemning med sitt engasjement og innleving. Det har vorte servert mat i festivalteltet kvar dag. Onsdag var tema musikk, rytmar og danseglede. Vi fekk besøk av ein hemmeleg gjest som var vår tidlegare kollega. I god «Maskorama-stil» hadde gjesten kledd seg ut, og elevane hadde fleire forslag om kven dette kunne vere før dei gjetta riktig person. Elevane var over seg av begeistring. Musikk-dagen haldt fram med konsert med «leikekorpset» ved skulen – Sæbø skulemusikklag sitt aspirantkorps.

Til økta på torsdag om bærekraftig utvikling ønskja vi å få besøk av ein birøktar. Han hadde diverre ikkje tid den aktuelle dagen. Tilfeldigheitene ville ha det slik at skulen fekk eit uhyggeleg besøk onsdag av om lag 40.000 biar, og birøktaren vart tilkalla på kort varsel. I tillegg til å bruke over ni timar på å hente ut biene, hadde birøktar Thomas Rikstad spontan undervisning om biar og birøkt med borna på SFO. Fredag vart festivalen avslutta med grillfest for alle elevane ved SFO i tillegg til gjestar.

 

 

Evaluering

  • Veka skapte eit sterkt samhald mellom born og vaksne på SFO.
  • Det var fleire born på SFO denne veka enn tilsvarande veke i fjor.
  • SFO-leiar var godt nøgd med veka, og la seg trøtt og sliten med eit smil om munnen fredag kveld.  Måndag morgon blei ho møtt med spørsmål frå 1.klasse om ikkje vi kunne ha festival denne veka også
Takk til SFO-leder Ina og rektor Eirin som delte SFO-festivalen ved Sæbø SFO i Alver kommune med oss. Nettverket! for SFO er imponert over innhold og gjennomføring. Her har ungene virkelig fått kjenne på festival-stemningen. Dette kan helt sikkert gi andre inspirasjon til å skape egen SFO-festival hvor innholdet i rammeplanen får plass. Under kan du lese litt mer om hva de gjorde de ulike dagene. 
SFO-leder Ina Sævdal var strålende fornøyd etter SFO-festivalen.

 

 SFO-festivalen dag 2

 

 

Tema for tysdagen var "kreativitet, utforskartrang og skaperglede" Det blei trylla fram vakre kreasjoner i festivaltelet vårt, blant anna desse blyantholdarane. Vi laga også hus av tomme pappkassar.

SFO-festivalen dag 3

 

 

Dagens tema var "musikk, rytmer og danseglede». Vi starta dagen med besøk av ein hemmelig gjest.  Gjesten hadde danseoppvisning og med seg fleire hint om kven dette kunne vera. Det viste seg at dette var May-Britt som jobba på SFO I fjor. Gjensynsgleda var stor Etterpå blei det konsert med leikekorpset og juniorkorpset til Sæbø skulemusikklag.

Vi fekk også besøk av ein anna hemmeleg gjest i dag, nemlig ein heil sverm med bier. Birøktaren måtte tilkalles og vi fekk ein liten forsmak på morgondagens tema på festivalen.

SFO-festivalen dag 4

 

 

Bærekraftig utvikling stod på planen i dag. Vi har hausta frå hagen til Ina og redda overskuddamat frå butikkane. Av det vi fann trylla vi fram nydelig rabarbragraut og sveler med rørte blåbær.  Vi opna opp for servering i festivalteltet og foresatte fekk komma innom for ein smakebit.

SFO-festivalen dag 5

 

 

Vi avslutta festivallivet med grillfest i dag. Førskuleborna og 4.klassingane blei invitert inn. Det blei utdeling av diplom, kjærlighet og klem til alle 4.klassingar som har gått på SFO dette skuleåret.

Dagen har vore fylt med mykje kjekke aktivitetar, god mat og ein fantastisk gjeng med glade og sprudlande born.  Festivalen er over for i år og vi har hatt ei nydeleg veke.

Evaluering av seksårsreformen - Uten SFO?

Å evaluere seksårsreformen var på høy tid. SFO var ikke inkludert i mandatet da OsloMet fikk oppdraget. Vil det gi politikerne svar på hvordan seksårsreformen har fungert?

Les mer >>

Verner om leken

«Vi har i grunn mye fin lek på vår SFO. Vi har også blitt flinkere til å verne om fin lek når vi ser den. Da får de som holder på kanskje lov til å drøye med rydding eller å gå ut/inn. Og dermed fortsetter leken, til de finner på noe annet.»

Les mer >>

- Barn trenger å få leke i fred!

Nettverket! for SFO jobber med media i alle kanaler og forsøker å løfte fram tema som er viktige for barns trivsel og utvikling – hele tiden med SFO/AKS som utgangspunkt. Skal vi lykkes med kvalitetsarbeidet vårt, må vi ha mor og far med på laget.

Les mer >>

Pop-up rom som inspirerer til lek ved Veståsen SFO

- Leken gir mange muligheter for barn. Det forteller Eivind som er baseleder ved Veståsen SFO i Gjerdrum kommune. Vi har fokus på lekende læring og pop-up rommet er et viktig verktøy for å skape dette i hverdagen.

Les mer >>

Hokus pokus fritidsfokus

Vi ønsker å fortelle ”verden der ute” hvorfor vi mener barn bør få beholde sine avmålte timer og sitt liv i en fritidspedagogisk ånd – uanhengig av om det er i SFO eller en fremtidig heldagsskole.

Les mer >>

Lek fordi....

Fri lek er grunnleggende i SFO og det kan være lurt å sette ord på hva som er så viktig med akkurat leken. Litt hjelp på veien...

Les mer >>

Når barn ikke tør

Angst er naturlig og er en nyttig følelse siden den forbereder oss på vanskelige og farlige situasjoner. I SFO opplever vi daglig barn som er engstelige for å prøve nye ting. Jo færre arenaer de mestrer jo større er sjansen for at de har færre lekerelasjoner.

Les mer >>

Voksne tråkker stien

Av og til tenker jeg; det er ingen spøk å arbeide med barn! Og det er jo sant.

Les mer >>

Sosialpedagogisk trening

Sosialpedagogisk trening er kort sagt trening i å være sammen med andre barn. Å lage sosialpedagogiske treningsgrupper som jente- og guttegrupper kan være en nyttig metode for mye.

Les mer >>