I veke 44 kvart år er det avisveke kring om på skulane. Den veka mottek vi haugevis med aviser. I staden for å kaste desse med ein gong etter ein har løyst dei daglege avisoppgåvene, så sender vi dei i miljøvenleg gjenbruksloop, og foredlar dei om til formingsprodukt.

Avisene har sjøvsagt årelange tradisjonar med å bli måleunderlag for å bevare benkar og bord, men ved fleire høve vert også avisene trylla om til flotte julegåver. I år sikra vi inn avisene til eit samarbeidsprosjekt i første trinn og SFO. Resultatet vart dei flottaste rive-juletre til å henge på veggen, samt at borna både hadde godt arbeid med å klippe ut sine bokstavar til namnet sitt og fekk gratis klippetrening på kjøpet. Nesten som tre gleder i eit Kinderegg...

Også maisboksar vert trylla om til argaste julepynt i vår base.

I år gjekk vi for reinsdyr-Rudolfar i stor flokk. Tidsbruk på desse oppgåvene var kring to timar på kvar aktivitet, inkludert opprigg og nedrigg. Vi hadde då 20 glade born i sving, samt 2 vaksne med kvart sitt sett blekksprutarmar...

 

 

 

Til desse aktivitetane treng du:

Avis-juletreet

  • Ei avis, gjerne lokalavisa. (I vårt tilfelle Nyss og Sunnmørsposten)
  • Grøn pappkartong i A4-størrelse til å lime treet på
  • Litt raud kartong til å lime namn på
  • Utstansa snøkrystall som stjerne
  • Grillpinne til trestamme
  • Kvitt passepartout
  • Limpistol
  • Limstift
  • Saks

Reinsdyr-Rudolf

  • Saks
  • Skulelim
  • Limpistol
  • Målepensel
  • Ei tom maisboks
  • Litt hampetau til sløyfe
  • Eitt sett "levande auger"
  • Ein raud ponpong til nase
  • Brun måling til å måla boksa med
  • Litt brun kartong til kropp og tagger på horna
  • Litt dacron eller bomull til å fylle ned i maisboksa som snø
  • Ein stk. julestokk til kvart reinsdyr (vi kjøpte pakkar på 20 på Europris)

Då er det berre å lime saman delane slik du får trylla fram eit avistre og ein Rudolf i særklasse!

God jul i fjøs og skjul!

Gjenbruksjula, del 2 les her

Fra ring til stjerne

Denne gangen er det juletreet som skal ha pynt. Klikk deg inn og finn ut hvordan du lager nydelige stjerner.

Les mer >>

Julekalender

I år begynner vi julen like tidlig som julemarsipanen kommer i butikken. Vel, så ille er det ikke, men vi må begynne å planlegge litt snart. Her er en utfordring.

Les mer >>

Snøkrystaller

Snøen har endelig kommet og lyser noen steder. Vi feirer med å klippe ut snøkrystaller til å ha inne.

Les mer >>

Glitrende kongler

Nå for tiden er det nærmest et ”must” å ta med naturen inn i stua. Jeg har valgt å hente inn flotte kongler og pynte dem glitrende og flotte..

Les mer >>

Klesvask i nisseland

I nisseland er det etter tradisjonen stor ståhei i desember! Nissemor (som så mange andre mødre) er som vanleg stressa og har kome i skade for å vaske nissedrakta til sjølvaste julenissen uten å vrenge lommene.

Les mer >>

Kjempekule julekuler med smell!

Ja, det er faktisk fakta. Desse julekulene er det smell i.

Les mer >>

Julekaker

Da er det igjen tid for å forberede julen på SFO'er landet rundt. Her er noen tips i forhold til julebaksten.

Les mer >>

Vakre snøkrystaller du kan holde i hånden

Disse snøkrystallene er enkle å lage og blir fantastisk flotte. Alt du trenger er papir, lim og litt sukker.

Les mer >>

Møt Melkior Kork

Snøven dalar lett og fin, glitrande mjølkekvit, klappa og klar til å bygge snømenn- og kvinner i fleng. Til og med snøbarn, snøhundar og snøkattar har tendens til å poppe opp.

Les mer >>