Kva skjer når lokalavisa og Halloween møtast på SFO? I Hundeidvik SFO har Janne og gjengen funne svaret og det handlar både om kreativitet, gjenbruk og mykje latter!
Avisveka (v. 44) kjem kvart år tett på Halloween, så kvifor ikkje slå to fluger i ein smekk? I Hundeidvik fann dei fram gamle aviser, blyantar og saks – og sette i gang med å lage spøkelseskunst av gamle nyhende!
Med litt småskummel musikk i bakgrunnen og høg stemning rundt bordet, vart det storproduksjon av både små og store spøkelser.
«Denne aktiviteten var heilt sjølvgåande,» fortel Janne. «Og det artige var at fleire av barna faktisk vart opptekne av det som stod i avisene, så her fekk vi kombinert både Tid for lesing i SFO og Halloween på ein gong!»
Tips til fleire SFO-aktiviteter i same ånd:
- Nyhendespøkelse: La barna lage eigne nyhendebobler til spøkelsa sine. Kva ville eit spøkelse stått i avisa for?
- Avis-lykt: Lag lykter av gamle syltetøyglas og dekorer med avisbitar og teip.Tenn elektriske telys inni.
- SFO-avis: La barna lage si eiga «SFO-avis», med historier om mystiske hendingar på SFO.
- Spøkelsesstafett: Ein uteaktivitet der barna spring mellom postar og samlar «forsvunne bokstavar» som til slutt dannar eit løysingsord.
- Høgtlesing med grøss: Finn fram små grøsseforteljingar som passar for 6–10-åringar eller la barna lage sine eigne.
Lykke til med både avisveka og Halloween!
Helsing Janne og co’ ved Hundeidvik SFO
