I år skal vi ikkje berre feire grunnlova av 1814 på 17.mai, - vi skal markere 200-årsjubileet til flagget vårt også.

I 1821 bestemte nemleg stortinget at det skulle lysast ut ei tevling om kven som kunne levere det beste utkastet for eit flagg til Noreg. Dette vart eigentlg ei litt hastesak, så stortingsmann og kjøpmann Fredrik Meltzer heiv seg rundt og laga eit utkast i ei fart. Han fekk rett nok god hjelp frå ein av sønene sine, men dei lærde stridast om kven av sønene som var hjelpar, for Meltzer var berika med ein stor flokk barn. Heile 13 i talet.

Det kom inn 18 bidrag i flaggtevlinga, og grunnlova sin eigen far Christian Magnus Falsen leverte bidrag nummer 8.

Uansett, det var Fredrik Meltzer som vann tevlinga med det utkastet som no har blitt eit av våre viktigaste symbol for landet vårt.

Som vi skjønar hadde nok Fredrik mykje å henge fingrane i med fleire jobbar, og heile den ungeflokken. Han var også ein av dei 112 eidsvollmennene som var med å skrive Grunnlova. På det velkjende måleriet "Eidsvoll 1814" som heng i stortingssalen kan vi sjå han stå under eit bilete pent antrukket i kvit skjorte i dialog med ein annan eidsvollmann. Spørs om dei måtte strekke litt på beina innimellom?! Det var trass alt ganske harde benkar dei sat på i rikssalen under dei seks vekene det tok å lage paragrafane i lovboka. Underteikna kan bekrefte at benkane var steinharde. Eg har vore å prøvetesta under ei omvisning i eidsvollbygninga. Kan forøvrig anbefalast på det sterkaste.

Hilde Midtstue og Christin Prøis har skrive eit fantastisk syngespel som er kalla "Hemmeligheten på loftet". Der er ein sang som handlar om då Fredrik Meltzer laga flagget. Den heiter rett og slett "Flagget vårt", og er fantastisk fin. Hundeidvik Privatskule/SFO har dramatisert musikkvideo av dette i år som skal leverast til den digitale nasjonaldagsfeiringa i bygda. Vi må nok innrømme at vi justerte vår versjon om til nynorsk, men her får de originalteksten, som ein smakebit på denne Midstue/Prøis-musikalen som vi anbefalar på det sterkaste.

Flagget vårt

 

Barna i SFO har også planta sin eigen vesle hage med blomkarse i ein mjølkekartong som vår/maiaktivitet. Denne er pynta med grønt gras klipt ut av papp. Dei har også farga flagg som er montert på ein kvitmåla blomsterpinne. Dei vart ganske søte, synest vi sjølve.

Medan vi er litt sånn på ein mai-snurr så kan vi no dele vidare den kjekke snurrebass-ideen vi fann på facebooksida til Bergen lek & fritid A/S også.

Så lett,- og samtidig såååå stilig og gøy. Det er rett og slett nabbiperlebrikker som er trygt ei fyrstikk gjennom etter at det har fått ein omgang med strykejernet. Vips!

Kva type snurrar fortast, mon tru? Dermed vart det bonusaktivitet i form av tevling i tillegg til den opprinnelege aktiviteten. Når ein også fekk minna ungane på flaggfargane, ja så vart vel dette nesten som eit kinder-egg då...

Ein tredje aktivitet vi gjorde oss i kast med var å lage figurar av silkeleire. Denne leira arva vi frå storskulen,-  men vi fekk vite at ingrediensane var ei blanding av 2 dl. maizenamjøl, 4 dl.salt og 4 dl.vatn.

Figurane stakk vi ut med drikkeglas og pepperkakefigurar (finaste noteforma i skuffa).Etter nokre timar med tørking på 100 grader i steikeovnen måla vi dei i raudt kvitt og blått. For å lage fint mønster la vi bitar av blondegardiner på figurane då vi måla. Blondene fjerna vi forsiktig etter bruk.

Noteformene måla vi svarte,- og då vi hengde alle figurane opp til pynt kunne vi formeleg høyre pynten "synge og spele" nasjonalsongane.

No står det berre igjen å knyte broderlenkjer anno1814 eller venskapsband anno 2021.

Vi er iallefall: "Enige og tro til Dovre faller".

 

Ha finfine feiringar i flotte mai, folkens!!!

Helsing Janne og Co` ved Hundeidvik Privatskule sin SFO

Den store Grevlingjakten

Ikke alltid like enkelt å få med barna ut på tur? Hva med noen gode tips for å gjøre turen litt mer annerledes - og dermed mer populær?

Les mer >>

Humlesafari

Med forstørrelsesglass, matpakker og en humleplakat i sekken legger vi ut på humlesafari.

Les mer >>

Lær deg kunsten å spikke en kneppert

I en serie på tre artikler skal spikke-ekspert Eivind Falk lære oss om kunsten å spikke sammen med barn

Les mer >>

Tre høstaktiviteter

Høsten er en herlig årstid. Her er inspirasjon og formingsglede...

Les mer >>

Fugler i nærmiljøet om høsten og vinteren

Her får du et forslag til en konkret aktivitet eller prosjekt på SFO med fokus på fugler i nærmiljøet. Aktiviteten handler om å bli kjent med fugler og hjelpe fuglene gjennom vinteren samt forståelse for naturen generelt.

Les mer >>

Naturen- «barnas eget lekeland»

Himmelen er skarp blå, og sola varmer opp den fuktige bakken. Landskapet fylles opp med morgendis som solen leker med. Disse årstidsovergangen er vakre, og vi kan kjenne den på kroppen. Rett og slett en fantastisk vårdag!

Les mer >>

Kunnskapsflyet - letter minst like bra som kunnskapsløftet!

Mange har vel "kriga" sitt gjennom tidene kring temaet papirfly. Og gjennom fleire generasjonar har vi fått høyre at papirfly berre er papir som vert liggande å slenge i grøftekantar. Dessutan har fleire såkalla lærde hevda at denslags "sport" er ein "usunn" bruk av dyrebart papir som burde bli nytta til langt viktigare føremål. Pøh!

Les mer >>

Digitalt barneblikk på naturen

Hvordan kan digitale verktøy brukes som en ressurs i uterommet i SFO? Et prosjekt i Ila barnehage gav mange gode erfaringer – og to digitale barnehagepriser!

Les mer >>

Hyttebygging

Å få bygge sin helt egen hytte - eller i det hele tatt å få bygge noe akkurat som de vil. Ingen tvil om at det er noe barn elsker...

Les mer >>