Det at verdsdagen for Downs syndrom 21.mars og Vaffeldagen 25.mars ligg tett som hagl på kalendaren kom meir som ein gåvepakke for oss ved Hundeidvik Privatskule sin SFO i år.

Vi er nemleg akkurat ferdige med å lese boka Vaffelhjarte av favorittforfattaren vår, Maria Parr. Den herlege dama eig vi litt i, sidan ho er Sunnmøring og skriv på nynorsk. Ho er dessutan ei fryd å lytte til når ho les sjølv, så høgtlesinga av underteikna vart nok litt som å hoppe etter vyrde Wirkola, men pyttsann. 

Vi har uansett storkosa oss med eit nytt kapittel kvar dag under ettermiddagsmåltidet. Vi gjekk nesten litt i sorg då vi oppdaga at det var tomt for kapittel, men neste steg no er å sjå NRK-serien med same namn. Det skal skje no i mars. Serien består av 4 episoder av kring 30 minutt kvar. Så det er heilt perfekt!

 

 

Men kvifor tenkjer vi at desse to datoane fell så perfekt saman, og kva har boka og filmen Vaffelhjarte med Verdsdagen for Down å gjere? Den saka er enkel å forklare,- for skodespelaran Ingrid Bjørnov Brustad i filmen som har rolla til vesle Krølla, er fødd med Downs syndrom. Ingrid  er niesa til den kjende musikaren med same namn, og desse to herlege tyttene starta saman konseptet Dagsverk for Down. Ein festdag der ein kan gjere masse sprell for å markere dagen. Det er til og med heilt greitt å drive dank for Downs, berre det gagnar saka. Det har bringa oss vidare til ein fin samtale om mangfald,...og sjølvsagt: Rockesokk! Berre gjett om vi gler oss! 

Førebuingane er i full sving, og i år er til og med den årlege bygdefesten lagt til den datoen. Då tenker vi både å pynte og rocke brakka så det held. Vi oppfordrar alle til å leite fram alle sine enklesokkar, tre inn i dei, og bli med på festen. Dei som har fleire enklingar til overs har høve til å henge dei på klesnora vår. Vi tenkjer det vert ei fin markering av mangfaldet.

Fargeleggingsark av rockesokkar finn ein m.a. På www.spireserien.no

Historia i Vaffelhjarte er både hjarteleg, kvardagsleg, crazy, lett og tidvis litt komplisert for dei to hovudpersonane på ni år, Lena og Trille som bur i bygda Knert-Mathilde. Er dei eigentleg bestevener, eller er dei berre naboar? Det er jammen ikkje så enkelt å få greie på, for innimellom er det ikkje så greitt å seie alt, men ein ting er sikkert som i banken: Dei finn på myyykje rart!

Trille og Lena  kjem frå to litt ulike heimar, der Trille er omkransa av mor, far, mange søsken og farfar i kjellaren,- og så tantefarmor da, søstra til farfar...som lagar VERDENS BESTE VAFLAR!

Lena bur saman med mor, og mest av alt i verda ynskjer ho seg ein pappa til bursdagen sin. Ho er til og med villig til å rydde kjellaren for å få plass til ein...

Ein kan formeleg heilt på ekte kjenne hjartevarmen frå det gode nabolaget i den vesle Sunnmørsgrenda heilt inn på kroppen når ein følgjer dei både i boka og i serien.

Ein skal ikkje avgrensa ungar, og då må ein heller ikkje vera så einspora. Ungane må kunne lesa om alle typar menneske. Alle barndommar er like viktige. 

Maria Parr
Forfatter

Maria Parr har hausta haugar av prisar av alle slag for dei fire romanane sine som ho har skrive for barn, - så det er berre å krype seg godt til rette å kome seg inn i hennar herlege univers!

Maria Parr sine fire romaner for barnVaffelhjarte,            2005   (Fins på lydbok også, der forfattaren sjølv les. Anbefalt på det sterkaste)

Tonje Glimmerdal,  2009

Keeperen og havet, 2017

Oskar og eg,            2023

Musikken i serien Vaffelhjarte er laga av vår alles kjære Odd Nordstoga, og fleire kjenner nok igjen mange av melodiane der. Kan nemne nokre av titlane: Bestevenn, Ein farfar i livet,- og sjølvsagt Vaffelhjarte.

Bestevenn var også ein av låtane til www.skolenessangdag.no   i 2019, og på den nettsida ligg framleis både notar og instrumental, dersom nokon er klar for å gjenoppdage.

Sjå serien?Om ein ynskjer å sjå serien, finn ein den på NRK-appen og på youtube.

vaffehjarte 2011 - YouTube  (heile serien)

https://youtu.be/cjxl_yriCdg (Bestevenn)

https://youtu.be/-6ouQe60exk  (Ein farfar i livet)

https://youtu.be/fFmU32qmaLM (Herleg intervju med Maria Parr av Biblåkids)

HURRA FOR MANGFALDET,- og lukke til med Rockesokk og Vaffeldagen!

 

Hugs å ete haugevis av vaflar,- det skal i allefall vi gjere!!!

Fargerike helsingar frå Janne og Co` ved Hundeidvik SFO

Personlige bursdagskroner

Er du lei av den tradisjonelle bursdagskronen? Her kan du få noen tips om en litt anerledes krone

Les mer >>

Rockekonsert for SFO

Tenk dere 400 SFO-barn på rockekonsert. I Stavanger fikset de en litt annerledes aktivitet for SFO-barna, til stor jubel.

Les mer >>

Rock på Berg SFO

På Berg skole i Trondheim har SFO en aktivitet de kaller "Band". Alle barna i 4. trinn får tilbud om å begynne å spille i band. Tenk så spennende!

Les mer >>

Lag et fuglekort

Morsomt brett-ut kort med fuglenebb. Fin aktivitet ved tegnebordet.

Les mer >>

Topptur i lavlandet!

For mange høyrest overskrifta sikkert rett og slett heilt korka ut, og det er akkurat det som er heile poenget.

Les mer >>

Gjenbruksjula, del 1

I veke 44 kvart år er det avisveke kring om på skulane. Den veka mottek vi haugevis med aviser. I staden for å kaste desse med ein gong etter ein har løyst dei daglege avisoppgåvene, så sender vi dei i miljøvenleg gjenbruksloop, og foredlar dei om til formingsprodukt.

Les mer >>

Sørlipodden - Sørli SFO med egen podkast

Sørli SFO i Nittedal kommune har nettopp gitt ut sin første episode av Sørlipodden.

Les mer >>

Vennskapsgrupper, Pop-up rom og «Spillmester Wenche»

Tidligere denne måneden hadde jeg gleden av å besøke Elvetangen SFO i Nittedal kommune. Det var lett å se at SFO-leder Marianne Størseth Lien og de flotte ansatte på SFO ikke bare omfavner, men også implementerer rammeplanen med en imponerende grad av kreativitet og engasjement.

Les mer >>

Jungelboka

Hva kan man gjøre med 26 aper, 35 barn, ni fugler,, 18 fjerdeklassinger, en SFO leder med pågangsmot og tid til overs og et positivt personale?

Les mer >>