Etter å ha vore på besøk i ein barnehage nokre gonger, der ein av barne- og ungdomsarbeidarane hadde laga fleire songar og musikkfilmar, fekk eg ein idé om å gjere det same.

Eg vart inspirert, men mangla kunnskap om korleis eg skulle gå fram, og det vart starten på eit skikkeleg samarbeidsprosjekt..

Eg tok då kontakt med Daniel Bratteli, som er ein fagarbeidar eg kjende. Han sa at han gjerne ville hjelpe oss. Etter litt e-postfram og tilbake og samlingar her på SFO, kom barna med mange tema dei ønskte skulle vere med i songen. Dei ville at songen skulle handle om å bry seg og at dei vaksne på SFO er flinke til å trøyste og oppmuntre, blant anna.

Vi fekk etter kvart forslag frå Daniel, og barna godkjente melodien. Etter kvart kom også teksten på plass.

Det var stor spenning den dagen Daniel kom på besøk, med opptakarutstyr, og me song inn songen. Mange opptak, song i små og store grupper, heilt til Daniel hadde nok til å gjere songen heilt ferdig.

På skulen vår, som er ein 1-10 skule, har elevane i 8. og 9. klasse eit fag som heiter Medier og kommunikasjon. Eg tok kontakt med læraren og spurde om dei kunne lage ein musikkvideo for oss. Sidan det var barn dei skulle filme, var det mykje dei måtte tenke på. Dei var hos oss på SFO fleire onsdagar, både inne og ute. Veldig kjekt for alle å få ein gjeng med ungdommar inn på SFO! Dei leika og sette i gang aktivitetar og gløymde til tider at dei skulle filme. Ein del av filmmaterialet er derfor mitt, men det gjorde ikkje noko. Dei brukte litt tid på å lage fleire utkast, der det utkastet dei var mest nøgde med, blei det me valde å bruke.

Me avslutta samarbeidet med ein pølsefest for alle og inviterte familiane til SFO-barna til premiere ein ettermiddag.

Eg er skikkeleg stolt over å ha fått til dette. Songen er noko elevane er glade i og stolte over, dei har ein eigarfølelse for den.

Resultatet blei veldig bra, og tilbakemeldingane frå føresette er òg strålande.

Sommermat for sommerbarn

Det er tid for å tenke sommer og lett og enkel kost. Her er noen gode forslag til smakfulle og gode måltid i farten eller som kan være med på å krydre den neste turen på SFO.

Les mer >>

Naturen- «barnas eget lekeland»

Himmelen er skarp blå, og sola varmer opp den fuktige bakken. Landskapet fylles opp med morgendis som solen leker med. Disse årstidsovergangen er vakre, og vi kan kjenne den på kroppen. Rett og slett en fantastisk vårdag!

Les mer >>

Naturen- «barnas eget lekeland»

Himmelen er skarp blå, og sola varmer opp den fuktige bakken. Landskapet fylles opp med morgendis som solen leker med. Disse årstidsovergangen er vakre, og vi kan kjenne den på kroppen. Rett og slett en fantastisk vårdag!

Les mer >>

Sommerens pynt

Selvlagede armbånd hører sommeren til..

Les mer >>

Pokemon jakt på SFO

Dette kan være en fin aktivitet nå som det nærmer seg lange dager på SFO. Pokemon jakt engasjerer.

Les mer >>

Sommeraktiviteter - studere insekter

Studer blomster og insekter. Hva skjer i naturen om sommeren?

Les mer >>

Drageverksted, såpebobler og blindefotball

Sommeren har så smått begynt å ankomme skolegårdene rundt om i landet. Her kommer noen tips til aktiviteter, blant annet drageverksted, lage egne såpebobler og blindefotball.

Les mer >>

Fest for sommeren

Feir sommeren på SFO. En real sommerfest er på sin plass, både for å finne på noe ekstra gøy og for å markere den nye, flotte, varme årstiden.

Les mer >>

Humlesafari

Med forstørrelsesglass, matpakker og en humleplakat i sekken legger vi ut på humlesafari.

Les mer >>