Det råkar vel ingen tvil: SFO/AKS-folk evnar ikkje å vere avspora. Den familien er konstant på sporet uansett. ALLTID! … som vår gode guru Ivar Haug truleg ville sagt det.
Likevel kan det tidvis, også for vår flokk, vere greitt å få ting servert litt på sølvfat. Synest vi med godt samvit kan unne oss det …
I tillegg til at vi formeleg skal hauste inntrykk i rikt monn frå ei gullrekke på scena i konferansesalen gjennom to nydlege dagar i november, kan Oslo by på mykje meir. Teater, musikal, humor, show, julelys og opplevingar står nærast i kø.
Og for dei som legg på ei ekstra natt eller to etter konferansen, blir utvalet endå større.
Vel, vel … Skjer a’?
Total avsporing
For oss som kjem til hovudstaden på togskinner, fall bestilling av kveldsaktivitet heilt naturleg: Vi fekk huka oss billettar til Total avsporing på ærverdige Chat Noir tvert.
Med mellom andre Hege Schøyen i fri dressur reknar vi med å vere sikra litt forlenging av livet i form av latterkuler. Og eit par år til på denne jorda takkar vi no lett jatakk til!
Ikkje fritt for at vi kjenner oss litt stolte av at sambygding Hilde Louise Asbjørnsen også er med på scenelaget.
Total avsporing går både onsdag 11., torsdag 12. og fredag 13. november. For dei som blir verande til laurdagen, er det også framsyningar då.
Les meir / billettar til Total avsporing
Les Misérables
For å jamne litt ut kjensleregisteret valde vi oss vidare Folketeateret, der Les Misérables, basert på romanen til den franske forfattaren Victor Hugo, har inntatt scena.
Tenk for eit lukketreff for ei enkel jente frå «bøgda» å få oppleve denne verdskjende musikalen live!
Bokversjonen fekk vi opplest av litteraturlæraren vår på Vartdal ungdomsskule i 1987, og heile klassa sat som fjetra av historia og formidlingsevna til læraren vår. Til og med på klassefesten 30 år etter hadde vi Fantine og vesle Cosette formeleg med oss i tankane …
Kanskje ei lita påminning om verdien av å setje av tid til høgtlesing på alle trinn, ispedd god innleving frå formidlarane?
For ikkje å snakke om all den framifrå musikken. Som korpsmusikant gjennom nært eit heilt liv skal det godt gjerast å ikkje ha fått kjennskap til han, og fått kjenne på heile kjensleregisteret.
Øyvind Blunck og Britt Elisabeth Haagensli sine tolkingar av dei utkropne, tørste krovertane herr og fru Thénardier i den første norske oppsetninga av musikalen i 1988 var rett og slett … ja, KONGELEG!!!
Det blir spanande å sjå korleis det nye ensemblet løyser oppgåva i 2026.
Denne musikalopplevinga gler eg meg til å få dele med mitt eige stjernelag frå SFO-en vår.
Les Misérables går både torsdag 12. og fredag 13. november. Og blir de verande i Oslo gjennom helga, er det framsyningar både laurdag og søndag.
Les meir og finn billettar hos Folketeateret
Chicago
Fredag 13. november klokka 19.00 er det Chicago som ruler på Chateau Neuf.
Vi burde nok få med oss denne Broadway-suksessen også, med sjølvaste Heidi Ruud Ellingsen i hovudrolla som Roxie Hart og eit vidare stjernegalleri med mellom andre Silya Nymoen og Jarle Bernhoft.
Som den ihuga teatersankaren eg er, kan eg heilt klart anbefale ein tur på denne scena.
Og skulle fredagskvelden vere oppteken, kan det vere verdt å sjekke framsyningane også gjennom helga.
Finn billettar og informasjon om Chicago
Cabaret, Da vi var yngre og Ei rosin i sola
For den som kjenner ei ekstra glede over manus og teater på nynorsk, er Det Norske Teatret sjølvsagt ein stad å sjekke ut.
Her er det fleire framsyningar å velje mellom rundt konferansedagane.
Broadway-suksessen Cabaret er nok den mest vidgjetne:
Kit Kat Klub. Staden for livsnyting og hemningslause nattetimar!
Her anar vi dampande musikal på alle sett og vis …
Da vi var yngre er noko heilt anna. Ei rå forteljing frå gatelivet på Grønland, basert på Oliver Lovrenski sin kritikarroste roman. Berre 19 år gammal gav han oss ei skildring av Oslo og eit ungdomsmiljø mange ikkje kjende frå før. På teaterscena er det sjølvaste Aksel Hennie som har regi.
Ei rosin i sola tek oss igjen ein heilt annan stad. Då Lorraine Hansberry sette ein svart familie rundt eit kjøkkenbord på Broadway i 1959, hadde publikum knapt sett noko liknande. Stykket handlar om familien Younger, draumane deira og kva som skjer når ei livsforsikring plutseleg kan opne dører dei knapt har våga å drøyme om.
Vel, kva dei gjer med pengane, får dei som vel å sjå framsyninga finne ut av sjølve …
Sjå programmet hos Det Norske Teatret
Standup, Finn tre feil og Julelatter
Latter på Aker Brygge rullar også med fleire framsyningar desse dagane som kan gjere tannrekka godt synleg på vidt gap.
Her finn de mellom anna standup og ulike humorshow. Nesten som eit Kinder-egg, faktisk!
Helaften på Wallmans
Kanskje er flokken din mest begeistra for fleire fluger i ein smekk?
Då er Wallmans Dinnerparty verkeleg verdt å sjekke ut.
Eit fyrverkeri av ei oppleving! Fart og skyhøg glamfaktor. Ein eksplosjon av fargar, musikk, smak og magi. Show, latter og gåsehud …
Wallmans har showkveldar rundt konferansedagane. Sjekk programmet for aktuell kveld.
Wallmans Oslo – program og billettar
Jul i Vinterland
Og dette kan vi faktisk slå fast allereie no:
Jul i Vinterland opnar 7. november!
Dermed er førjulsstemninga godt i gang når SFO-familien kjem til Oslo.
Om de vil ha friske, raude kjakar og julelukter av alle slag, er Spikersuppa staden å gå. Her kan de nå nye høgder i pariserhjulet Julestjerna, teste innerskjera på skøyteisen og gomle haugevis av brente mandlar til tennene ber om nåde!
Det er gratis å gå inn i Vinterland, medan aktivitetane kostar.
Julestemning i særklasse, på godt gammaldags vis!
Magisk!
Jul i Vinterland – informasjon
Og skal du bli verande i helga …
Då opnar det seg endå fleire moglegheiter.
Fleire av teater- og musikalframsyningane held fram gjennom helga, så for dei som tenkjer at Kvalitet i SFO like gjerne kan bli starten på ei heil Oslo-helg, er det ingen grunn til å haste heim fredag ettermiddag.
Og sjølvsagt treng ikkje alt koste pengar.
Ein tur langs Akerselva, rusling frå Aker Brygge og ut mot Tjuvholmen, julepynta Karl Johan, ein tur opp på Operataket eller berre ein lang kafélunsj med SFO-gjengen kan vere minst like kjekt.
For kanskje er det nettopp det som er luksusen med desse dagane:
Først fylle hovudet med fag, idear og inspirasjon.
Så fylle resten av kroppen med Oslo.
VI GLER OSS GLUGG!!!
Janne og Co’ ved Hundeidvik SFO