I år 2020 er det duka for markering av hundreårsjubileet for hjartegode Anne- Cath.Vestly sin fødsel. Heile dette året vert nok prega av ekstra heider og ære av den høgt elska forfattardronninga som har krype seg inn i hjarterøtene til opptil fleire generasjonar.

Ho var fødd 15. februar 1920,- altså dagen etter sjølvaste valentindagen. Ein kan vel spørje seg om det er tilfeldig at den lille søte dama med det store hjarte kom til verda akkurat kring hjartedagen, men det var det nok truleg. Historia vert berre enda sukkersøtare av å tenkje på det. Det er vel ganske mange som dreg på smilebandet når dei vert minna om den lille mormora med skaut som sat ved vegen og solgte vaffelhjarter og gaula: "Kom og kjøp.- ekte mormors hjemmelagede!" Røra hadde ho forøvrig laga ved hjelp av den svært etterlengta hjulvispen sin som ho hadde kjøpt for sine aller siste kroner. Berre tanken på den historia gjev vatn i munnen, og vi kan formeleg kjenne luka av dei nysteikte vaflane. At det var forfattaren sjølv som spelte hovudrolla i fleire av  filmane var også ganske unikt. Ved vår SFO har vi formeleg kasta oss over mormorbøkene. Rett over gangen i femte trinn har dei forøvrig laga sine eigne "Knertenar". Heilt unike pinnevenar krydra med karsehår,- heilt i tråd med Vestly sine fantasifigurar.

Det er vel likevel litt i overkant av underteikna å påstå at Anne - Cath. var elska av alle, fordi det var ho tidvis faktisk ikkje. Det var opptil fleire kritikarar som mellom anna arbeida i kringkastinga som meinte at den lille store forfattarinna gjekk langt over streken med å formidle usømlege kjønnsrollemønster som heilt greitt, og det toppa seg då ho tok sats og formidla i ei av Ole Aleksander-bøkene sine om korleis babyen bitteliten faktisk vaks i magen til mammaen. Ikkje nok med det, men faren i Aurorabøkene var til og  med heimeverande. Aldeles uhøyrt må vite. I bøkene om Guro i blokk Z var Anne -Cath. også svært framsynt for si tid, der ho lot mamma Erle vere noko så uvaleg som ein kvinneleg vaktmeister. Er det rart at ho vart frykta i samfunnet som forfattar?

Heldigvis så vann ho fram med sine tankar....

Ho har forsynt oss med eit rikhaldig forfattarskap, og eg har intet problem med å anbefale eit retteleg djupdykk. Men vi stoppar opp bitelitt her, og leverer herved pinnevenntipset.

Du treng:

  • Pinner, gjerne driv-ved frå fjøra
  • Måling i ulike fargar, bland gjerne sjølv
  • Litt bomull
  • Karsefrø
  • Limistol

Gjer slik:

  • Mål pinnane akkurat slik du vil. Mål på auger, eller finn eit naturleg fjes på pinnevennen.
  • Bruk limpistolen og lim på bomull på toppen av pinnen
  • Så karsefrø på bomullen
  • Hugs å vatne "karsehåret

 

Ha ein hjarteleg fin valentinsdag, og eit supert jubileumsår i  Anne Cath. Vestly si ånd og vidunderlege forfattarrike!

Hjarteklemmer frå Janne og Co` ved Hundeidvik Privatskule & SFO

Mer bevegelse til barn

Fysisk aktivitet og kreativitet er viktig for barns utvikling, derfor tilbyr Mer bevegelse til barn en enkel og engasjerende måte å integrere mer bevegelse i hverdagen.

Les mer >>

Rockekonsert for SFO

Tenk dere 400 SFO-barn på rockekonsert. I Stavanger fikset de en litt annerledes aktivitet for SFO-barna, til stor jubel.

Les mer >>

Dramaleker

Dramaleker kan brukes som forberedelser til drama/teater-timen, som trygghetsøvelser, som moro og mye annet rart.

Les mer >>

Læring gjennom kreative prosesser

På Sørli skole i Nittedal jobber Kifah Fanni med å åpne barnas øyne for et univers fylt med plastelina, historieskaping, digital ferdighetstrening, og sosial og emosjonell utvikling. Gjennom sitt arbeid på SFO inviterer han barna til å utforske og lære på en måte som går langt utover tradisjonell undervisning.

Les mer >>

Barns medvirkning i farger og fantasi

Hvordan ser en vegg ut når barna får bestemme? På Korsvoll AKS i Oslo fikk 4 og 5. trinn-elevene slippe fantasien løs. Resultatet ble et fargesprakende kunstverk de selv har vært med å skape, sammen med kunstner Morten Kveen.

Les mer >>

Hekta på pinnar

Til og med dei kulaste gutta og øvrige med alvorleg strikkeallergi henger seg på denne bølga. Ingen vrange her nei. Kun rett, rett, rett!

Les mer >>

Gratis golfbane

Tenk en helt egen - og ikke minst gratis golfbane på SFO! Ja det er fullstendig mulig, bare se på denne idéen.

Les mer >>

Gamle gode gåveboksar

Desse nostalgiske oppbevaringsboksane for julepynt er det super-Sølvi frå Hundeidvik private SFO som har utarbeida! Kjempeflotte,- ikkje sant?

Les mer >>

Skoeskehus – skaperglede og bærekraft på Dalgård SFO

Gjennom skoeskehusprosjektet har Dalgård SFO skapt en arena for barns medvirkning, kreativitet og fellesskap. Her får både skoesker og fantasier nytt liv i et bærekraftig prosjekt som inspirerer både barn og voksne.

Les mer >>